Hopp til innhold

Trudde du Statens vegvesen sine tilsette heldt seg på vegen? Tru om att ...

Kvart år går ein tilsett i Statens vegvesen Region Vest 2.500 gongar av eller om bord eit fly på Sogndal lufthamn Haukåsen.

Sogndal lufthamn Haukåsen

VIKTIG: Med lange avstandar til Oslo, Bergen og Stavanger, gjer Sogndal lufthamn Haukåsen det mogleg for Statens vegvesen sine tilsette i Leikanger å ta dagsturar i jobbsamanheng.

Foto: Sogndal lufthamn

Det svarar til flyreiser for mellom 2,5 og tre millionar kroner.

– Det er mykje, vedgår regionvegsjef Helge Eidsnes.

Reiser mindre i år

Helge Eidsnes

MYKJE: Helge Eidsnes vedgår at flyreiser for mellom 2,5 og tre millionar kroner er mykje.

Foto: NRK

I snitt betyr det at Statens vegvesen har dagleg sju tilsette om bord i eit fly. Eidsnes vedgår at dei har ein veg å gå, og seier at dei arbeider med å bruke meir videokonferansar på møta sine.

– I år har vi redusert reisekostnadene med 15 prosent. Vi har mange videorom, og vi aukar stadig, seier han.

– Ser du paradokset med at de som byggjer veg, er så mykje oppe i lufta?

– Eg ser koplinga, men så skal det også seiast at vi sjølve reiser veldig mykje og køyrer mykje bil.

Mest til byane

Første halvår i år er det, ikkje uventa, Oslo (516), Bergen (382) og Stavanger (220) som er dei mest hyppige av 18 destinasjonar for tilsette i Vegvesenet.

Det er i Oslo Vegdirektoratet har sin base, medan region Vest sine største avdelingskontor er i Bergen og Stavanger.

Regionvegkontoret med sine 191 tilsette ligg i Leikanger, 40 minuttar køyreavstand frå Haukåsen.

– Men det skal seiast at vi brukar svært mykje videomøte, seier Eidsnes.

Sparte ei heil stilling

Fylkesmann Anne Karin Hamre

PROSJEKT: Fylkesmann Anne Karin Hamre rår regionvegkontoret til å setje seg hårete mål for å redusere reisetida.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Like ved regionkontoret til Statens vegvesen, ligg kontoret til nokon som har sett fokus på nettopp dette med å bruke meir tid på bakken – og mindre tid i lufta.

Gjennom eit prosjekt sparte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane pengar tilsvarande ei stilling på videomøte.

– Vi klarte nesten å erstatte 200 møter, utover dei som vi tidlegare køyrde på video, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

– Sett dykk høge mål

Ho har eitt enkelt råd til Statens vegvesen: Sett dykk nokre hårete mål!

– Ja, eg trur det kan vere lurt å organisere dette som eit prosjekt og å setje seg høge mål, seier ho.

– Når det er sagt, så trur eg etatane her i distriktet er flinke til å bruke videomøte. Eg trur potensialet for å spare er endå større hos departement og direktorat, som er vande med at folk kjem til dei i Oslo, avsluttar ho.