NRK Meny

Vedvik topp fire i fem øvingar

Langdistanseløparen Marius Vedvik frå Førde er inne på topp fire i heile fem øvingar på europastatistikken menn U23. På 3000 m er han på fjerdeplass med 8.02.16, den same plasseringa på 5000 m med 13.51.72, han er nummer to på 10.000 m med 28.48.97, på tredjeplass på 10 km gateløp med 29.43 og på tredjeplass på halvmaraton med 1.04.49.