Hopp til innhold

Klimaendringar kan leggje deler av norskekysten under vatn

Store deler av busetnaden langs kysten av Sør- og Vestlandet kan i framtida bli liggjande under vatn i periodar. I Førde kan sentrum bli overflaumd.

Video Ny rapport i dag om klimaendringane

SJÅ TV-REPORTASJE: Ny rapport om klimaendringane.

Det konklusjonen i rapporten som det statlege Klimatilpassingsutvalet måndag la fram.

Éin meter høgare vasstand, meir nedbør og høgare temperatur. Dette blir konsekvensen av klimaendringane, konkluderer rapporten.

Kan bli vått i bilbutikk

Går det slik rapporten frå Klimatilpassingsutvalet viser, vil vasstanden i til dømes Førde sentrum auke med éin meter. Då vil store deler av sentrum bli liggjande under vatn.

Sunnfjord Auto AS i Førde

LIGG FARLIG LÅGT: Bilforhandlaren Sunnfjord Auto i Førde er blant verksemdene som kan få problem dersom havnivået stig.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det blir neppe tørt her hos oss viss det blir ein meter høgare vasstand, seier Frank Kirkebø ved bilforretningen Frydenbø Sunnfjord Auto.

Utstillingslokalet hans vil truleg vêre meir eigna til båtar enn bilar, dersom dei verste scenarioa slår til.

– Når elva Jølstra er stor, er det alt i dag lite som manglar før elva går over sine breidder, seier Kirkebø.

Tek rapporten på alvor

Som så mange tettstader på Sør- og Vestlandet ligg Førde plassert på ei flate ved fjorden. Det er nettopp dette som gjer dei så sårbare for endringane som klimautvalet skildrar.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (SV) var klar på at kysten står framfor reelle utfordringar, då han i måndag fekk overlevert rapporten.

– Hovudtema i rapporten er kva tiltak vi må gjere i Norge for å beskytte våre innbyggjarar mot klimaendringar. Våtare, varmare og meir vilt vêr. Meir problem med ras, havnivå som stig, problem med fleire flaumar, oppsummerer Solheim.

Artikkelen held fram.

Oddvar Flæte og Erik Solheim

OVERLEVERTE RAPPORTEN: Utvalsleiar og fylkesmann Oddvar Flæte saman med miljøvernminister Erik Solheim.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Utvalsleiar Oddvar Flæte, som også er fylkesmann i Sogn og Fjordane, er klar på at Norge per i dag ikkje er rusta til endringane som kjem.

– Når vi no byggjer for framtida, må vi ta høgde for auka vassmengder som følgje av nedbør og stigande havnivå. Dette vil innebere store kostnader, men det vil bli endå dyrare om vi ikkje tek høgde for dette, seier Flæte.

NVE manar til tiltak

Ved NVE si avdeling for skredkunnskap og formidling er seksjonssjef Brigt Samdal klar på at kommunane må ta klimaendringane på alvor.

– For mange Vestlands-kommunar som ligg ut mot kysten er det alvorleg viktig å ta ein del av desse nye klimatilpassingane inn i ei langsiktig arealplanlegging. Det vil vere den mest konkrete oppfølginga av dette framover. At kommunane tek omsyn til dette i si langsiktige planlegging, meiner Samdal.

Artikkelen held fram.

Øyrane i Førde

KAN FÅ PROBLEM: Store deler av Førde sentrum kan i periodar bli ståande under vatn som følgje av klimaendringar.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Førde skjerpar krava

I Førde tek kommuneadministrasjonen dei dystre utsiktene på alvor.

Med vissa om at deler av sentrum kan bli ståande under vatn ved stormflo, har kommunen alt har byrja å ta omsyn til klimaendringane ved utarbeiding av nye arealplanar.

Rådmann Ole John Østenstad

TEK GREP: Rådmann Ole John Østenstad i Førde skjerpar krava til utbyggjarar for å sikre byen mot flaum.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi prøver å ta høgde for dette gjennom planlegginga vår, blant anna gjennom ein klima og energiplan. Det verste for oss vil vere store nedbørsmengder kobinert med pålandsvind og springflo. Då vil elva stykke seg opp, og vi får flaum i heile Førde sentrum. Rapporten er ei nyttig påminning, meiner rådmann Ole John Østenstad.

Men mykje av rekninga for nye tiltak må utbyggjarane ta sjølve.

– Her aukar krava til oppfyllingshøgd. Det medfører auka kostnader og ufodringar for dei som skal byggje, seier Førde-rådmannen.

Video I skjerdal i Gloppen har dei kjent klimaendringane

SJÅ TV-REPORTASJE: I Skjerdal i Gloppen har dei alt fått merke klimaendringane.