Hopp til innhold

Vart skyssa vekk av politibåt

Saman med Fred Ove Løtuft, frå Gloppen, gøymde Kjetil Bergheim seg i ei busk for mannen som skaut rundt seg.

Nærbilde av hus på Utøya

GØYMDE SEG: Kjetil Bergheim og Fred Ove Løtuft gøymde seg nær to timar i ei busk på Utøya.

Foto: Kim Erlandsen

Kjetil Bergheim frå Florø er ein av fem ungdomar frå Sogn og Fjordane som var på AUF sin sommarleir på Utøya.

– Det braut ut full panikk

Bergheim fortel om skremmande timar på Utøya då ein mann, utkledd som politimann, starta å skyte rundt seg.

– Det braut ut full panikk, seier Bergheim.

NRK snakka Bergheim laurdag morgon. Han var då komen heim til Florø, etter å ha blitt køyrd heim frå Utøya i natt.

Fylkesleiar i AUF i Sogn og Fjordane, Hanne Kristine Fridtun er sakna etter skytinga på Utøya. Dei fire andre som var til stades frå Sogn og Fjordane er i tryggleik, og skal ikkje vere skadde.

Gøymde seg i busk

Bergheim fortel at han prøvde å gøyme seg for skota.

– Eg låg ein og ein halv time i ei busk, fortel Bergheim.

– Kva såg du frå der du låg?

– Eg såg nesten ingenting fordi buska var så tett, men eg høyrde mange skot, seier 22-åringen.

Kjetil Klakegg Bergeim

TIDLEGARE AUF-leiar i fylket: Kjetil Bergheim

Foto: Gunnhild Svaboe

Bergheim låg saman med ein annan frå fylket, Fred Ove Løtuft (16). Også han er no trygg. Bergheim er tidlegare leiar av AUF Sogn og Fjordane.

– Kva tenkte du på når du låg der?

– Det er ikkje så godt å seie. Det var ganske jævlig, seier han.

84 ungdomar er no stadfest drepne etter skytetragedien på sommarleiren.

Henta av politiet

Etter nær to timar i skjul kom væpna politi til plassen han låg.

– Vi våga oss fram, og var ransaka av politiet, seier Bergheim.

Deretter vart han teken med vekk frå Utøya.

–Vi gjekk ned i vasskanten og fekk skyss med ein politibåt vekk frå Utøya, seier Bergheim.