Hopp til innhold

Vart redda ned frå fjellet - la seg tilbake i campen

To kvinner vart natt til søndag redda ned frå Store Skagastølstind etter å ha sett seg fast like under toppen av det 2400 meter høge fjellet.

Turtagrø

'STOREN': Store Skagastølstind sett frå Turtagrø, 11. juli 2015

Foto: Linda Olin Reite / NRK

– Dei var ganske forfrosne når dei kom ned att, men dei la seg rett tilbake i campen, så dette må vere tøffe jenter, seier Johan Mannsåker ved Hovedredningssentralen i Sør-Norge (HRS).

Det var klokka 03.20 at kvinnene kom ned att, ved hjelp av ein kombinert aksjon frå den alpine redningsgruppa i Jostedalen og Lom og luftambulansen frå Dombås.

Kvinnene melde frå allereie kl. 19 laurdag kveld, og helikopteret frå Dombås kom til staden kl. 21, men grunna låvt skydekke og tåke kunne dei ikkje gå inn og hente kvinnene.

– Dei måtte då vente på klatrarar frå redningsgruppene som tok seg opp til fots. Då redningsgruppa og kvinnene hadde kome seg lenger ned ut på natta kunne helikopteret frakte kvinnene siste biten ned til campen på Turtagrø, seier Mannsåker, som rosar dei som var med på berginga.

Kvinnene skal vere godt kledde og utstyrte, og dei er begge fjellvande. Dei skal ha klatra feil på veg nedover frå fjellet.

Store Skagastølstind, også kalla Storen, er med sine 2405 meter det tredje høgste fjellet i Noreg, og ligg sørvest i Jotunheimen. For å nå toppen må ein klatre. Fjellet ligg på grensa mellom Årdal og Luster.

Store Skagastølstind