Hopp til innhold

Mann vart kasta ut av båten av ei bølgje

Ein mann vart kasta ut av båten sin på fjorden mellom Innvik og Stryn. Mannen vart henta opp i ein annan båt og skal vere i grei form.

Båt går i ring

GÅR RUNDT: Båten køyrer framleis i ring på fjorden. Til alt hell gjekk det bra med mannen som fall over bord.

Foto: NRK-tipsar

– Vi har akkurat fått stadfesta at det går ein førarlaus båt rundt for eiga drift. Føraren av båten har komme seg over i ein annan båt, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjetil Drange.

Politiet har førebels ikkje full oversikt over kva som har skjedd.

– Nei, det har vi ikkje. Men det er nærliggjande å tru at mannen har ramla i over bord, at motoren har gått sidelengs og at båten difor no går rundt i ring, seier Drange.

Olden Røde Kors vart kalla ut då meldinga om hendinga kom. Politiet kom seinare i kontakt med eigar i båten, som då hadde komme seg uskadd ombord i ein annan båt.

Venta på at båten skal gå tom for drivstoff

Det skal stå bra til med føraren av båten.

– Vi har ikkje andre opplysningar enn at det står bra til med han, seier Drange.

Ein venta ei stund på at båten skulle gå tom for drivstoff. Båten stogga av seg sjølv like rundt klokka 17.00.