Hopp til innhold

Varetektsfengsla for fire nye veker

Ein mann i 20-åra frå Sunnfjord som er sikta for familievald er varetektsfengsla for fire nye veker.

Fjordane tingrett

VARETEKT: Mannen har sete varetektsfengsla sidan midten av mai, og vart sist veke varetektsfengsla for fire nye veker. Tingretten si avgjerd om fengsling er anka til lagmannsretten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mannen vart tidleg i mai sikta for brot på straffelova sin paragraf 219 som omhandlar familievald (sjå faktaboks). Han vart varetektsfengsla i to veker med brev- og besøksforbod frå midten av månaden.

Politiet bad etter dette om at mannen måtte varetektsfengslast for fire nye veker, noko dei sist veke fekk medhald i av Fjordane tingrett.

Sunnfjordingen er tre gonger tidlegare dømd for vald. Tingretten meiner det er rimeleg grunn til at sikta kan mistenkast for omfattande og gjenteken vald og trugslar mot ein person som står han nær. Dette skal ha skjedd over ein periode på vel to og eit halvt år, ifølgje retten si fengslingsavgjerd.

Tingretten meiner vidare at sikta har låg terskel for å utøve vald og sette fram trugslar, og meiner det er stor sannsynlegheit for at han kan gjere dette igjen om han blir sleppt fri.

Aktor i saka, Inger Beth Fosse ved Sogn og Fjordane politidistrikt, vil på det noverande tidspunktet ikkje kommentere saka ovanfor NRK.no. Ifølgje retten si avgjerd vil politiet sende saka over til statsadvokaten i løpet av kort tid.

Mannen sin forsvarar, Synne Catrin Øren, meinte på si side at det ikkje låg til grunn tilstrekkeleg fare for gjentaking, noko retten såg vekk frå. Fjordane tingrett si avgjerd om fire nye veker varetekt er anka, og lagmannsretten skal no ta stilling til denne.