NRK Meny
Normal

I mål til kjempetid i snøvêr (!) på toppen

I ausande regn, tjukk tåke og på glatte steinar sprang Jonathan Wyatt inn til ei svært god tid og personleg rekord i Skåla Opp. Han dedikerer sigeren til ei avdøydd motbakkelegende.

Jonathan Wyatt

HIGH FIVE: Eit fantastisk løp opp til toppen av Skåla av Jonathan Wyatt (t.h.), som vart møtt av snø (!) på toppen.

Foto: Jan Erik Sandbakk

Wyatt er frå New Zealand er ingen smågut i motbakkane. 41-åringen har vunne heile 7 VM-titlar i motbakkeløp, og var svært nøgd med tida 1.08.59 i tøffe forhold. Det byrja faktisk å snø då Wyatt vart intervjua.

– Eg spring bra i slike forhold, når det er vått og glatt. Eg har høyrt at den norske sommaren har vore så flott, men dette må vere den første kalde dagen, seier Wyatt like etter målgang.

Dedikerer sigeren til avdøde Jon Tvedt

Wyatt byrjar å verte erfaren på Skåla. Han deltek for femte eller sjette gong, og vinn for tredje gong. Han er dermed den som har vunne løpet flest gonger. Den legendarisk motbakkeløparen Jon Tvedt, som tragisk døydde under trening i 2009 har vunne to gonger.

– Første gong sprang eg mot Jon Tvedt. Han var fantastisk, og hadde ein utruleg teknikk. Eg tenkjer på han, og gjer dette for hans minne. Eg er sikker på at han følgjer oss i dag, seier Wyatt.

Ein annan som har vunne to gonger er Ahmet Arslan, som vann i 2011 og 2012, og har løyperekorden på 1.07.06.

– Måtte halde forspranget kort

Ahmet Arslan

MELLOMNØGD: Ikkje mitt beste løp, seier Ahmet Arsland, som lovar å kome tilbake for å vinne neste år.

Foto: Jan Erik Sandbakk

Men både i 2013 og i år måtte han gje tapt for Wyatt, etter begge åra å ha vore i tet nede i løypa.

– Eg visste det var viktig å halde forspranget til Arslan så lite som mogleg. Eg ville halde han slik at eg kunne sjå han gjennom tåka, seier Wyatt.

Ahmet Arslan var på si side mellomnøgd med å ha kome inn rundt halvminuttet bak Wyatt.

– Det var ikkje mitt beste løp. Eg gav alt for å vinne, men mista kreftene på slutten. Det var ikkje dårleg heller. Eg kjem tilbake neste år for å vinne neste år, seier ein optimistisk tyrkar.

– Wyatt er så sterk, så han tok meg på slutten.

Stian Hovind Angermund tok tredjeplassen på 1.10.18.

Kjempetid også i kvinneklassen

May Britt Buer

RUTINERT: May Britt Buer har vore i toppen i motbakkeløp i mange år, men måtte i dag sjå seg slått av den spanske vinnaren.

Foto: Jan Erik Sandbakk

Laura Orgue frå Spania vann kvinneklassen, og leverte også ei svært sterk tid. Ho låg lenge an til løyperekord, men den tidlegare langrennsløparen enda to minutt bak.

Enno meir imponerande er at ho aldri har vore på toppen av Skåla, og dermed var i heilt ukjend terreng.

– Eg følte meg bra før starten, og eg er vant med motbakkeløp. Det var svært dårlege verforhold på slutten, og det var hardt å kome seg til mållina. Men kjensla var god, seier ein glad 27-åring frå Barcelona.

May Britt Buer vart nummer to, og Inger Liv Bjerkreim enda på tredjeplass.

Laura Orgue

FØRSTE GONG: Men ikkje nybyrjarflaks for Laura Orgue frå Spania. Vinnaren, som tidlegare dreiv med langrenn, har sprunge mykje motbakkeløp

Foto: Jan Erik Sandbakk
Vegopning på Bergum i Førde kommune