Val av leverandør let vente på seg

Ein og ein halv månad etter at anbodsfristen for fotballhallen på Skei var ute, er det enno ikkje avklara kven som har levert beste tilbod på å bygge anlegget. No skriv Firda at det kan gå to veker til før anbodsrunden er ferdig. Planen sa opphavleg at val av leverandør skulle skje 10. september, og byggjearbeidet skulle starte i oktober/november.