Hopp til innhold

Vågsøy tek stor skipsrisiko

Vågsøy kommune kan gå på millionsmell om Tall Ships Races går dårleg økonomisk.

Tall Ships Races
Foto: Adrian Hughes, ADRIAN HUGHES

Seglskutefesten vert av arrangørane kalla for det største arrangementet i fylket nokon gong, og har eit budsjett på 18 millionar kroner. Men skulle det gå med underskot, vert kommunen sitjande att med millionrekninga.

Roger B. Silden.
Foto: NRK

- Mange ynskjer seg Tall Ships Races

Ein ivrig ordførar fortel på eit informasjonsmøte om kor viktig det er at Vågsøy lukkast med eit gigantarrangement som vil snu byen opp ned i fleire dagar:

- Store byar som Oslo og Bergen ynskjer seg Tall Ships Races, men det er Måløy dei kjem til, seier Roger B. Silden til forsamlinga.

Og han har god grunn til å appellere. Vågsøy kommune har gitt ein ubegrensa økonomisk garanti. Det betyr at uansett kor mykje arrangementet går med underskot, så vil innbyggjarane verte sitjande att med rekninga. Sjølv seier Silden at han søv godt om natta.

- Viss du skal sjå veldig svart på det, så kan det sjølvsagt gå dårleg. Men slik me har budsjettert, kan eg ikkje sjå at det skal gå gale.

Fredrikstad tapte mykje

For tre år sidan var det Fredrikstad som arrangerte Tall Ships Races. Arrangementet vart rekna som det største i landet i 2005 med 150 000 besøkande, men trass dette var det mange som tapte pengar.

- Me har bokført eit tap på 428.000 kroner på serveringsbiten, oppsummerte Martin Mathisen den gongen, etter å ha prøvd å tene pengar på å drive restaurant.

Han sa det var mange i plankebyen som gjekk med store tap.

- Det viste seg at berre 25 - 30 % av dei inntektene me forventa faktisk kom.

Måløy står sjølv for maten

Tall Ships Races i Måløy har eit budsjett på 18 millionar kroner. Allereie har dei henta inn sponsormidlar og støtte frå fylkeskommunen og kommune. Men dette er ikkje nok, arrangørane har derfor gjort det annleis enn Fredrikstad og tek sjølve over alt ansvar for mat og drikke. Det gjer også at dei tek heile risikoen. Silden lar seg ikkje stresse.

- Slik det ser ut no, er me faktisk framfor budsjettet når det gjeld inntekter frå sponsorar. Dermed har faktisk risikoen vår her mykje redusert i det siste, seier ordførar Roger B. Silden.

Trur Måløy slepp underskot

Prosjektleiar Helge Hjelle for Tall Ships Races i Måløy meiner at fadesen i Fredrikstad med fleire titals restaurantar som gjekk med underskot, ikkje vil gjenta seg når arrangørane i Måløy sjølve tek styring med serveringa.

- Dei som fekk låg usentralt i forhold til dei tilreisande sleit i ettertid. Det slepp me her, det er jo me som har heile opplegget.

- Men då er ein jo avhengig av eit visst omsetning?

- Ja, sjølvsagt, men eg trur ikkje me har lagt den lista for høgt i budsjettet.