Hopp til innhold

Uro, hærverk og falsk brannalarm

Festbråk, øydelegging av telefonkiosk, familiekrangel og ein falsk alarm var noko av det politiet fekk melding om denne julinatta.

Politi - illustrasjonsfoto
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Ein gjeng ungdommar hadde samla seg til festleg lag i ein bustad i Selje. Like over er det nokon som varslar politiet om bråk frå staden. Dermed møtte politiet opp, men då dei var på plass hadde festen alt roa seg.

Nokre andre ungdomar i Førde skal ha sparka inn ei rute i ein telefonkiosk i Førde sentrum. Nokon andre skal ha sett kva som skjedde, og saka vert følgt vidare opp av Førde og Naustdal lensmannskontor.

Klokka 02.36 måtte politiet rykke ut etter at det kom melding om trugsmål. Dei involverte skal vere frå same familie. To av personane var transportert vekk frå den som var truande mot dei andre.

Ikkje berre politiet måtte rykke ut i natt. Då klokka passerte 02.39 måtte brannvernet i Førde rykke ut.

Ein brannvarslar var blitt løyst ut, men då brannvernet kom til staden viste det seg at det ikkje var snakk om noko brann. Dei skal ha opplysningar om personen som utløyste alarmen.

Førde og Naustdal følgjer opp denne saka.