Hopp til innhold

Ungdom på uføretrygd aukar dramatisk

Stadig fleire unge menneske er uføre. NAV-direktøren i Sogn og Fjordane meiner tala er urovekkande.

Tore Thorsnes

UROA: Direktør i NAV i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, meiner det er grunn til uro når talet på unge uføre no aukar.

Foto: NAV

Talet på uføre under 30 år i fylket har auka med sju prosent frå juni i fjor til juni i år. 224 i denne aldersgruppa i fylket er uføre.

På landsbasis er same auken på 10 prosent, og NAV-direktør i fylket, Tore Thorsnes, er uroa over at vi følgjer ein nasjonal trend når det gjeld dei unge. For medan fleire av desse blir uføre, held talet for den generelle befolkninga seg stabilt.

Får samfunnsøkonomiske konsekvensar

Han meiner det er særleg urovekkjande fordi ungdom er ei prioritert gruppe.

– Blir du uføretrygda i ung alder er det først og fremst ei katastrofe for dei det gjeld, men det er også ein dårleg samfunnsøkonomi i det. Vi jobbar knallhardt for at flest mogleg ungdommar skal komme i arbeidsretta aktivitet slik at dei kan delta i det ordinære arbeidslivet, seier Thorsnes.

Han understrekar at det er mange unge menneske som skal ha uføretrygd fordi dei har ein helsetilstand som gjer at dei ikkje har arbeidsevne. Det er ikkje desse Thorsen snakkar om.

– Eg snakkar her om eit stadig aukande tal på unge menneske med særleg psykiske utfordringar, som i dag blir uføretrygda i større grad enn før.

«Sjå på moglegheitene i arbeidsmarknaden»

– Korleis skal de få desse i arbeid?

– Med den nye uføretrygda så er det ikkje noko i vegen for at ein kan delta i arbeidslivet, så mi oppfordring er at ein, sjølv om ein har fått uføretrygd, må sjå moglegheitene som ligg i arbeidsmarknaden, seier Thorsen.

Han meiner førebygging er svært viktig, og eit ansvar som helsevesenet, skulane og NAV delar.

– Eit samarbeid rundt den enkelte ungdom er veldig viktig for å unngå at dei psykiske utfordringane ein har blir for langvarige og at dei dermed blir uføre.

Flest uføre i Høyanger og Årdal

Talet på uføre blant folk mellom 18 og 67 år har heldt seg stabilt. Her i fylket er det Høyanger og Årdal som har flest uføre, med ein prosentdel på høvesvis 11,1 og 10,4. Thorsen har inga konkret forklaring på dette.

– Tal uføre er noko som er bygd opp over veldig lang tid. Det er ikkje dei nye uføre vi snakkar om her, og det har mange ulike forklaringar. Det har sjølvsagt noko med næringsstruktur, alderssamansetjing og utdanningsnivå å gjere, så det er vanskeleg å peike på nokon grunn til at akkurat desse kommunane har flest uføre.

I Sogndal er det talet lågast. Her er 5,5 prosent uføre blant dei mellom 18 og 67 år.