Undersøker branntomta denne veka

Politiet skal i løpet av veka gjennomføre tekniske undersøkingar på branntomta i Luster.

Bustadbrann i Luster

BRANN NED: Berre delar av eine veggen står att etter brannen på Lambhaug i Luster natt til onsdag i sist veke.

Foto: Christian Blom

Eit bustadhus på Lambhaug gjekk tapt i flammane natt til onsdag i sist veke. Huset var eitt av seks bygg i eit klyngetun, men takka vere iherdig innsats frå brannmannskapa greidde ein berge dei andre bygga.

Politiførstebetjent Svein Inge Harberg ved Luster lensmannskontor seier dei vil halde fram etterforskinga denne veka.

– I løpet av veka blir branntomta undersøkt, for å søkje etter spor der. I tillegg startar vi opp med avhøyr av vitne. Det vil seie huseigar og dei som budde i huset, og dei som kom først til brannstaden, seier han.

I første omgang håpar politiet å finne svar på kor i huset brannen starta, og ut frå det finne moglege årsaker til at brannen oppstod.

Det var ikkje folk i huset då det byrja brenne, men dei som budde i huset kan sitje på viktig informasjon, seier Harberg.

– Dei kan fortelje oss om aktivitet som har vore i huset, og kva som har vore i dei forskjellige områda av til dømes elektriske installasjonar og varmekjelder som kan ha vore årsak til at ein brann oppstår.