NRK Meny
Normal

Frakta til Førde sentralsjukehus

Ein mann på 72 år fall ned i ein bresprekk ved Stryn sommarskisenter laurdag ettermiddag.

Sommarskisenteret i Stryn

ULUKKE: Ein mann har falle ned i ein bresprekk i ettermiddag. Dette er eit bilete teke ved eit tidlegare høve, ikkje eit bilete av ulukka i ettermiddag.

Foto: Magne Brekke

AMK ved Førde Sentralsjukehus stadfestar at ein mann i ettermiddag fall i ein bresprekk ved Stryn sommarskisenter.

AMK fekk meldinga klokka 12.44

Henta ut med helikopter

Like før klokka 14 opplyser politiet at mannen var bevisst då han vart henta ut frå sprekken.

Ein redningsmann frå eit Sea King redningshelikopter har berga mannen opp frå bresprekken, og fraktar han til sjukehus.

Ifølgje politiet har mannen køyrt langt utanfor dei oppmerkte løypene ved sommarskisenteret då ulukka skjedde.

Beinbrot og hovudskadar

Mannen låg i ein sprekk, og hadde falle rundt to meter.

Hovudredningssentralen i Sør-Norge opplyser til NRK at mannen mest sannsynleg har to beinbrot og hovudskadar. Men han skal vere bevisst.

Helikopteret landa i Førde rundt klokka 14.30.

Til operasjon

I ei pressemelding klokka 16.15 opplyser AMK ved Førde sentralsjukehus at det var ein mann på 72 år som fall ned i bresprekken.

Han er moderat skada, og skal opererast ved sjukehuset laurdag ettermiddag.

Sea King landar i Førde

I FØRDE: Her er Sea King-helikopteret i ferd med å lande i Førde med den skadde mannen.

Foto: Oddleif Løset / NRK