Advokaten til Belik-systrene, Sjur Vinje, kan dermed slå i bordet med at det er gjort sakshandsamingsfeil. Men det er ikkje dermed sagt at han har ei opplagd sak. For Vinje må og dokumentere at det at mora ikkje var til stades fekk innverknad på avhøyret.
Medvite å ikkje ha med mora
Den kvinneleg tilsette i UDI sa at det var medvite av henne å ikkje ha mora med i avhøyret. Årsaka var at ho hadde mistanke om at det kunne vere valdtekt og overgrep inne i biletet, og med mora til stades meinte ho det ville vere vanskelegare for døtrene å snakke om slike ting. Dessutan var ikkje mora i Moldova då jentene var utsette for det som kunne vere overgrep.
Ikkje trygt i Moldova?
No har Sjur Vinje kalla inn ein ekspert frå Utenrikspolitisk Institutt. Bakgrunnen er at UDI i går hevda at det ikkje er farleg i Moldova, fordi det er kome ei lov mot menneskehandel i landet. Men eksperten som stiller som vitne i ettermiddag meiner det likevel ikkje er trygt i Moldova.