Hopp til innhold

Festivalsjefen i sorg etter Utkant-ulykke

SKJERJEHAMN (NRK): – Det vart ein veldig tung start på dagen, seier sjefen for Utkantfestivalen, Viggo Randal. I natt omkom ein mann på 67 år i ei båtulykke i samband med festivalen.

Viggo Randal

TUNG MORGON: Sjef for Utkantfestivalen, Viggo Randal, fortel at båtulykka pregar morgonen på Skjerjehamn.

Foto: Gøril Sætre

Båten køyrde på eit skjær då den skulle frå festivalen på Skjerjehamn til Eivindvik i Gulen. To kvinner i 30-åra er alvorleg skadde etter ulykka. Dei to siste som var om bord i båten er også sendt til sjukehus.

Utkantfestivalen starta for alvor i går kveld, med mykje folk trass dårleg vêr. Festivalsjef Randal fortel at hendinga i natt har sett eit preg på festivalmorgonen.

– Det er ein tung start på dagen etter ein fin festivaldag i går. Vi blir tekne av sorga over mannen som forsvann i natt. Han er ein lokal mann som mange hadde eit godt forhold til, det er ei tung stund, fortel Randal.

Eitt stille minutt

Randal seier at dei kjem til å markere ulykka under festivalen.

– Vi har ikkje hatt så mykje tid, men vi kjem til å markere det med eitt stille minutt ved hovudscena i kveld.

Ulykkesbåt Utkanfestivalen Gulen

ULYKKESSTADEN: Båten som vart nytta ligg ankra ved holmen i området der ulykka skjedde.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Utkantfestivalen ved havgapet på Skjerjehamn samlar hundrevis av båtar kvart år. Derfor har dei hatt ein plan dersom ulykker skulle skje, fortel Randal.

– Vi har ein beredskap på plass, og festivalberedskapen var på plass kort tid etter ulykka. Men av og til er ikkje tida nok, seier han.

Han held fram med å fortelje at dei har mykje mannskap på plass.

– Vi har eigne brannbåtar og beredskapsbåtar. I tillegg har vi dykkarar her til ei kvar tid. Elles er det lege og sanitet her 24 timar i døgnet.

Vurderte å avlyse

Festivalsjefen seier at det har vore ei lang natt, men at dei har konkludert med at festivalen må halde fram.

– Vi har tenkt mange tankar i løpet av natta, men vi trur at det å kunne samlast gjer godt for mange på ein tung dag. Vi har tenkt på å avlyse, men har funne det best å halde fram.

Randal trur festivalen kan hjelpe dei som er råka av ulykka.

– Eg trur det vil hjelpe mange å tenkje på andre ting. Men det er ikkje nokon kjekk start på dagen.

Håpar på ein fin festival

Sjølv om ulykka i natt har prega festivaldagen, håpar ein at dei som har teke turen får ei god oppleving.

– Det musikalske er på topp i år. Vi har mykje bra musikk som vi håpar folk vil få med seg i kveld. Sjølv om vêret ikkje har vore heilt topp.

I går høljregna det i Skjerjehamn. Utan at Randal meiner at det sat ein stoppar for festen.

– Gulen er kjend for å vere den våtaste kommunen i landet, og i går beviste vi det til gangs. Det er nesten imponerande at alle orka å stå her, men det vart fantastisk stemning. Eg tykkjer gårsdagen var ein fin start.