NRK Meny
Normal

Barnehagetilsett har fått tuberkulose - kommunen ser alvorleg på situasjonen

Alle barna i ei av avdelingane i Tusenfryd barnehage i Førde må testast for tuberkulose, etter at ein av dei tilsette har fått konstatert sjukdomen. Rådmannen i Førde ser alvorleg på situasjonen.

Tusenfryd Barnehage Førde

FEKK BREV: Alle foreldra til barna i Tusenfryd barnehage i Førde har fått dette skrivet frå smittevernlegen i kommunen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Måndag morgon fekk foreldra til barna i barnehagen informasjonen om at barna no må testast for tuberkulose. I eit skriv frå smittevernlege Thomas Følsche, vert det slege fast at den frykta sjukdomen er lite smittsam. Men trass det, må mange no testast.

– Alle barn i ei av avdelingane i barnehagen som har vore utsett for smitte, må undersøkast for å kartleggje om dei har blitt smitta. Dei barna dette gjeld vil få nærare beskjed, skriv Følsche.

Etter det NRK kjenner til skal alle barnehagebarna no ta tuberkulosetest, og som må følgjast opp utover sommaren med tanke på mogleg smitte.

Laura Merete Nyhammer

OVERRASKA: Laura Merete Nyhammer er mor til ein av barna som no må testast for tuberkulose.

Foreldra vart overraska

Ei av foreldra som i dag tidleg fekk den overraskande beskjeden, var Laura Merete Nyhammer. Ho har ein femåring i Tusenfryd barnehage.

– Vi blei møtt med eit informasjonsskriv om at det var ein tilsett her i barnehagen som hadde fått påvist lungetuberkulose. Det er jo veldig ferskt og det er overraskande. Skulle ikkje tru at det var noko som kunne skje her, seier Nyhammer til NRK.

Ho føler no sterkt med den tilsette som har fått beskjed om den alvorlege diagnosen.

– Det må jo vere tøft å gje ein slik beskjed på arbeidsstaden sin, trur Nyhammer.

Alle foreldra er innkalla til eit informasjonsmøte om sjukdomsutbrotet måndag kveld.

Fleire tilfelle av tuberkulose

Smittevernlege Følsche har så langt ikkje vore tilgjengeleg for intervju. Men han stadfestar at det har vore eit utbrot av tuberkulose i barnehagen. Rådmann i Førde, Ole John Østenstad, kan ikkje erindre at kommunen har hatt tuberkulosesmitte barnehagar eller i våre institusjonar i nyare tid.

Ole John Østenstad

UROA: Rådmann i Førde, Ole John Østenstad.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Det blir jo spesielt alvorleg når det er ein tilsett i ein barnehage som har fått tuberkulose. Der finn vi dei mest sårbare, nemleg ungane våre. Men det er slik som kan skje, dei som har smitte kan du finne overalt, også i ein barnehage, seier Østenstad til NRK.

– Det aller viktigaste no er at vi får informert foreldra, at vi får trygga dei og at ungane får eit godt oppfølgjingstilbod og medisinsk hjelp. Slik at at foreldra føle seg roleg vidare. Vi tek dette veldig alvorleg, sler rådmannen fast.

I følgje tal frå Folkehelseinstituttet har det hittil i år blitt varsla om 131 tilfelle av tuberkolose her i landet, tre av desse tilfella i Sogn og Fjordane. I fjor var det i alt 401 pasientar som fekk konstatert tuberkolosesjukdom, noko som var ein auke frå året før.

Sjukdom som kan behandlast

– Tuberkulose er ein alvorleg, men lite smittsam sjukdom som kan behandlast effektivt. Det er berre dei som har hatt langvarig og tett kontakt med ein person med lungetuberkolose som reknast som utsett for smitte, skriv smittevernlegen i brevet til foreldra.

Foreldra i barnehagen har blitt oppmoda om å sjå etter følgjande symptom, som kan tyde på tuberkulosesjukdom:

  • Langvarig hoste (over tre veker)
  • Redusert allmenntilstand (feber, dårleg matlyst m.m.)