Hopp til innhold

Trur heftig skogsykling vil dra enda fleire ekstrem-turistar til naturen i Indre Sogn

Terrengsykling i bratte stiar er i ferd med å bli ein ny, stor attraksjon for Indre Sogn. No vil sentrale aktørar trekkje mange fleire til skogane, gjerne frå heile verda.

Terrengsykling i skogane på Kaupanger

FULL ACTION: Knut Myking og sykkelkompisane på stisykling på Kaupanger. Bak denne videoen står sentrale reiselivsaktørar som Bratt Moro, Avinor og Visit Sognefjord. Foto: Håvard Nesbø, Thomas Alme Matre, Jonas Mølmesdal Flaten, Falkeblikk. Klipp: Jonas Mølmesdal Flaten

I dei store skogområda, særleg på Kaupanger, er dei mange stiane no blitt ei populær ferdselsåre for ei ny gruppe.

Terrengsyklistar med verneutstyr og høgt adrenalinnivå tek skogane, men det er plass til mange fleire. Det meiner i alle fall ein av entusiastane, Knut Myking.

– Eg meiner jo at Sogn er ein sykkeldestinasjon i verdsklasse, på høgde med Skottland, Italia og Sveits og British Columbia. Det er jo så bratt som det kan bli. Som på ski, så har også sykling etter kvart også fått merksemd internasjonalt. Det er kombinasjonen av den unike og spektakulære naturen og at det er veldig gode stiar her, som held eit veldig høgt nivå, fortel Myking.

Trur det kan bli stort

Dei siste åra har han vore engasjert i arbeidet til mellom anna Bratt Moro, som kvart år trekkjer fleire og fleire skikøyrarar til Sogn. No skal også aktive terrengsyklistar frå heile verda bli lokka til regionen.

– Her i Norge har jo sykling vore veldig assosiert med Birken med sykling på veg, og sjølvsagt landevegssykling. Men dette med terrengsykling har jo ikkje vore det heilt store. I Storbritannia ser ein døme på små bygder som har blitt store sykkeldestinasjonar, fortel Myking.

– Her er det plass til alle

Han og dei andre som no står i bresjen for å fremje Sogn som ein sykkeldestinasjon er svært opptekne av miljøaspektet ved terrengsykling, ikkje minst i høve det å ha respekt for alle som ferdast i naturen.

– Her i Sogn er det så mykje plass at det ikkje er nokon konflikt, slik som ein til dømes kan sjå rundt dei store byane. Eg opplever jo her at det er plass til alle. Friluftslova er jo veldig klar på dette at det er fri ferdsel til fots, på ski, hest, kjelke og på sykkel. Men vi er nøye mellom anna på at vi som syklistar har vikeplikt for vandrarar, påpeikar Knut Myking.

Har organisert seg

I den nye filmen frå Bratt Moro er det med syklistar frå heile Sør-Norge, som alle har kome til Sogn med det for auge at tilhøva er perfekte for sykling i bratte skogområde.

– Det er jo heilt topp at det kjem folk til Sogn for å sykle. Dess fleire som syklar, dess betre, tenkje jo eg som syklist, slår Myking fast.

Han og mange av dei andre syklistane i Sogn har organisert seg gjennom organisasjonen Sogn Terrengsykkel, som igjen er knytt til den nasjonale organisasjonen for terrengsykling, Nots.