Hopp til innhold

To fjellovergangar er stengde – fleire kan bli stengde på kort varsel

Uvêr skapar trøbbel på fleire fjellovergangar. Det er venta vanskelege køyreforhold ut dagen.

Kolonnekøyring på Haukeli

TRØBLETE: Fram til laurdag kveld åtvarar meteorologane mot vanskelege køyreforhold på fjellovergangane i Sør-Norge.

Foto: Solveig Karin Hillesland / 03030-tipser

SISTE LAURDAG 09:10: Fylkesveg 53 Tyvin-Årdal er stengd grunna uvèr. Også riksveg 7 Hardangervidda er stengd for alle køyretøy.

Få full oversikt over fjellovergangane lengre nede i saka.

Sterk vind, snøbyer og snøfokk kan fram til laurdag kveld føre til vanskelege køyreforhold i Sør-Norge.

Sjå: Oppdaterte vegmeldingar frå Statens vegvesen (ekstern lenk

Kan bli storm

På fredag sende Meteorologisk institutt ut varsel om sterk vestleg eller nordvestleg sterk kuling utsette stader i høgfjellet i Sør-Norge. Periodevis kan vinden komme opp i liten storm utsette stader nord for Finse.

Laster Twitter-innhold

Kombinert med snøbyer i vest og nord, vil dette gi snøfokk. Kva fjellovergangar som blir hardast råka er uvisst.

– Vinden vil vere verst om natta, men vil minke utover laurdagen mot kvelden, seier Sleire.

– Har du noko oppmoding til dei som skal over fjellet?

– Følg med på vêrmeldingane og trafikkmeldingane frå Statens vegvesen.

Sjå: Slik ser det ut på vegane no (Statens vegvesen sine webkamera)

– Det er frå kvelden og utover natta varsla ganske sterk vind på alle fjellovergangar. Folk må vere budde på kolonnekøyring, men også stengde fjellovergangar, seier trafikkoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Slik er det på fjellovergangane i Sør-Norge:

  • E6 Dovrefjell: Vekslande bart.
  • Ev 16 Filefjell: Snø- og isdekke. -1 grader. Liten kuling og opphaldsvêr.
  • Ev 134 Haukelifjell: Vekslande bart og isdekke. -3 grader og liten kuling.
  • Rv 7 Hardangervidda: Stengt.
  • Rv 9 Hovden-Haukeli: Snø- og isdekke.
  • Rv 13 Vikafjellet: Snø- og isdekke. Opphaldsvêr.
  • Rv 15 Strynefjellet: Bart og vått, fare for glatte parti.
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke. Redusert sikt og fare for glatte parti.
  • Fv 27 Venabygdsfjellet: Stengt. Ny vurdering kl. 11.
  • Fv 40 Dagalifjell: Vekslande bart og isdekke.
  • Fv 50 Hol-Aurland: Snø- og isdekke. Redusert sikt.
  • Fv 53 Tyin-Årdal: Stengt grunna uvêr.