NRK Meny
Normal

Trenar på seg skadar

Trening i bratte løyper som Bystien i Førde og Stoltzekleiven i Bergen kan gi deg slitasjeskadar, ifølgje ekspertar.

Trening i bratte løyper som Bystien i Førde og som Stoltzekleiven i Bergen kan gi deg slitasjeskadar, ifølgje ekspertar.

Motbakketrening har blitt ein farsott over heile landet, men turen ned, kan bli ein nedtur i meir enn ein forstand.

– Då bystien vart bygt, fekk eg mange kommentarar frå folk som hadde prøvde løypa, at det var reine nær døden oppleving, seier André Didriksen.

André Didriksen

UROA: Kiropraktor André Didriksen

Foto: Steinar Lote / NRK

Som kiropraktor veit han alt om kva skadar ein kan pådra seg med feil belastning.

– Det er spesielt når ein går ned i bratte bakkar at trykket kan blir for stort på brusken i kneet, slik at ein får bein mot bein slitasje ,seier Didriksen.

Populære bakkar

I det flotte haustvêret er det mange som nyttar høvet til ein treningstur i bratte motbakkar. Kjell Moe har valt Bystien i Førde til dagens treningsøkt.

Kjell Moe

PASSAR SEG: Kjell Moe

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eg har gått her mykje. 16 gonger berre førre månad, men av og til går ned igjen til Bruland. Den vegen er litt lettare for knea, seier Moe.

Han er ikkje åleine om å måtte passe knea på bratte turar. For i slike løyper kan ein ende opp med belastningsskadar ein vanskeleg blir kvitt. Men somme tenker over korleis ein skal gå i motbakkar, utan å pådra seg skadar.

– Det er viktig å heile foten inn på trappetrinnet slik at skyv med hælen, seier Turid Rødsjøsæther.

Turveninna Ann Kristin Mikkelsen, har ikkje tenkt like nøye gjennom dette.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det. Eg kjenner det mest når eg spring ned igjen, og då prøver eg å tenke på kvar eg plasserer foten. Oppover tenker eg ikkje så mykje på det, seier Mikkelsen.

Turid Rødsjøsæther og Ann Kristin Mikkelsen

TRENAR I MOTBAKKE: Turid Rødsjøsæther og Ann Kristin Mikkelsen

Foto: Steinar Lote / NRK

Lytt til kroppen

Fysioterapeuten seier det aller viktigaste er å lytte til kroppen.

Elise Astad

GODE RÅD: fysioterapeut Elise Astad

Foto: Steinar Lote / NRK

– Dersom plagene ikkje går over i ettertid, kan ein kanskje vere litt obs, og heller velje ei litt lettare løype neste gong, seier fysioterapeut Elise Astad.

Og ho har ein viktig hugseregel til turgåarane;

– Pass på å få kneet rett over tåa, og at du ikkje får for mykje utslag til sidene.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.