Hopp til innhold

Mellomnøgde jenter etter sleggetevlinga

Trude Raad og Marte Rygg Årdal var berre mellomnøgde etter sleggetevlinga under Florø Friidrettsfestival.

Marte Rygg Trude Raad

MELLOMNØGDE: Trude Raad og Marte Rygg Årdal fekk 3. og 4. plass i Florø laurdag.

Foto: Eivind Nordvik Hauge / NRK

Trude hamna til slutt på ein tredjeplass med eit bestekast på 60,60 meter, medan Marte fekk fjerdeplassen med 58,99 meter.

Her kan du følgje friidrettsfestivalen i Florø live på nett.

– Eg kan vel ikkje seie anna enn at det erg sånn passe nøgd med. Eg føler at eg sleit litt med teknikken undervegs i tevlinga, sa Trude Raad til NRK etter at 3. plassen var eit faktum.

God Solberg

Tevlinga vart vunne av Oksana Kondratyeva frå Russland, som fekk opp eit bestekast på 70,34 meter, medan Mona Holm Solberg frå Noreg vart nummer to med eit kast på 68,61 meter. Dette er berre om lag ein og ein halv meter bak den norske rekorden.

Sjå alle resultata frå sleggetevlinga her.

– Eg har eit mål om å klare 67 meter i år, og har som mål om å vinne VM for døve, seier Trude Raad, som ikkje deppa over 3. plassen under stemnet i Florø.

Eivind Henriksen

NY REKORD: Eivind Henriksen frå IK Tjalve i Oslo sette ny norsk rekord i Florø laurdag.

Foto: Eivind Nordvik Hauge / NRK

Ny norsk rekord

Svært nøgd var derimot Eivind Henriksen frå IK Tjalve, som sette ny norsk rekord i slegge på Florø stadion.

Med eit kast på heile 75,57 slo han sin eigen rekord med ein centimeter!

– Eg var litt tung i i beina, så det var bra at eg fikk ut den eine centimeteren ekstra. Eg har framleis deltaking i OL som mål, sa Henriksen etter rekordkastet.

Både han og dei andre deltakarane sleit med motvinden i Florø, men Henriksen trur likevel at resultatet i kystbyen skal føre han nærare OL i London.

– Eg skal uansett delta i EM i Helsinki, og der er målet finale, sa Henriksen.

Øyvind nummer to

Den lokale favoritten, Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø, imponerte i motvinden på heimebane. Hekkespesialisten sikra seg 2. plass på 400 meter hekk med tida 52,02.

Resultatet var vel eit halvt sekund bak vinnaren, Vladimir Antmanis, frå Russland, som sprang på den gode tida 51,39.