Trafikkulykke i Hyllestad

Det er meldt om ei trafikkulykke ved fylkesveg 607 i Hyllestad. Bilen har fått store skadar etter å ha vorte snurra rundt, men den står på alle hjul. Førar vart sjekka av lege på staden, men er uskadd. Det er meldt om glatt vegbane.