Trafikkulukke på Nordfjordeid

Ein bil har køyrt av rv. 15 i ei 60-sone på Skårhaug ved Nordfjordeid. Operasjonsleiar Jostein Magnussen i Vest politidistrikt fortel at bilen har køyrt over ein gangveg og treft ein steinvegg. Det fire personane som var i bilen har alle kome seg ut og er oppegåande. Ambulanse er framme på staden, og trafikken flyt greitt forbi.