Hopp til innhold

Trafikkulukke på E39

Ein mann i 20-åra er frakta til sjukehus i Førde for ein sjekk etter ei trafikkulukke på E39.

Bilulukke Skei

DIRIGERING: Trafikken vart dirigert på staden, men vegen er no open for fri ferdsel.

Foto: NRK-tipsar

Ulukka skjedde vest for Skei, i retning Førde. Mannen i 20-åra sa sjølv at han var uskadd etter ulukka.

– No har ambulanse teke han med seg til sjukehuset i Førde for ein sjekk, seier operasjonsleiar hjå politiet, Espen Gulliksen.

Trafikken vart dirigert i ein periode, men vegen er no open for fri ferdsel.

Trafikkulukke Skei
Foto: NRK-tipsar