Hopp til innhold

Tørr haust gir lite vatn i magasina - kolkraft reddar straumprisen førebels

Etter ein tørr haust, så langt, er det mindre vatn i kraftmagasina enn på lenge. Likevel treng du ikkje enno frykta ein skyhøg straumrekning til vinteren.

Etter ein tørr haust, så langt, er det mindre vatn i kraftmagasina enn på lenge.
Likevel treng du altså ikkje frykta ein skyhøg straumrekning til vinteren. Det sørgar kolkraft frå tyskland for.

SJÅ TV-SAKA: Kolkraft frå kontinentet reddar straumprisen.

Statistikk frå NVE syner at fyllingsgraden i magasina no ligg på 76, 6. Det er 10 prosent under gjennomsnittet for dei siste 20 åra.

Ole Marius Gloppestad i Sogn og Fjordane Energi, meiner likevel at forbrukarane ikkje treng frykte straumprisane i haust.

– Det er mindre vatn i år enn i fjor, men det er ikkje så mykje mindre enn det som er normalen. Vi ser at det svingar opp og ned, så vi må ha ein tørr oktober før vi byrjar å uroe oss, seier han.

I fjor på denne tida var magasina i pluss i forhold til normalen på denne tida av året. Ein tørr september i år har ført til mindre vatn.

– September er vanlegvis ein våt månad, men i år har det vore tørt og fint.

Likevel treng du altså ikkje frykta ein skyhøg straumrekning til vinteren. Det sørgar kolkraft frå Tyskland for.

– Vi kjøper billeg kolkraft frå Europa og dermed vil prisane halde seg lågare og meir stabile enn tidlegare. Prisane på kol har falle på grunn av finanskrisa. Det betyr at dei kan produsere og selje kol billegare, seier han.