Og Kristin Felde vart den første kvinnelege toppsjefen i skiforbundet då ho vart tilsett i 2002. Ho har utdanna seg på idrettshøgskulen, og har òg vore innom Kulturdepartementet og eit stort revisjonsfirma før ho hamna som toppsjef i skiforbundet. Der har ho vore med på å byggje opp eit solid økonomisk fundament, skiforbundet har faktisk ein god del pengar på bok. Det må til, for om eit par år skrumpar dei store pengespelinntektene til skiforbundet inn til ein brøkdel av det dei er i dag.
Kristin Felde er odelsjente til ein av dei største gardane i Breim, og snakkar òg om korleis ho ser på det.