To dagar - 25 medaljar i UM

Friidrettsutøvarane frå fylket held fram med medaljefangsten i Ungdomsmeisterskapen på Nadderud.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

Øyvind Strømmen Kjerpeset gjer det godt under UM på Nadderud. Bilete er frå Nordisk meisterskap førre helg.

Foto: Helga Reigstad

I pøsande regnver tok friidrettsutøvarane 13 medaljar under første dag av meisterskapen. Laurdag følgde dei opp med 12 nye mealjar.

To gull til Kjerpeset

Øyvind Strømmen Kjerpeset sikra seg laurdag sitt andre gull på to dagar. Floraværingen sprang inn til tida 58,13 på favorittøvinga 400 meter hekk.

Gull vart det også til lagveninna Frida Norem Føleide. 17-åringen sende sleggja 44,74 meter.

Tok si tredje medalje

Marte Rygg Årdal (Brodd) som opna med to gull i både slegge og kule. Laurdag vart det sølv i diskos på 17-åringen etter eit beste kast på 33,23 meter.

17-åringen Jostein Joshua Fossøy (Førde) fekk sølv etter eit hopp på 6.51 meter i lengde. Han var 25 centimeter frå sigrande Martin Roe (Fri). Siste sølvmedaljen gjekk til Petter Gulestø (Florø) som deltok i slegge for 15-åringane. Han fekk eit beste kast på 51,30 meter.

Bronse vart det til: Sveinung Grøneng Havn, Synne Våge Jagedal, Daniel Ullaland Nekkøy, Jørgen Midtbø Bjørkedal (alle Florø), Dag Einar Bøtun (Vik), Pål Valberg (Svelgen) og Ole Petter Loftesnes (Syril).