NRK Meny
Normal

Tjuvslakting i Bøfjorden

Ein sau skal ha blitt tjuvslakta på ein holme i Bøfjorden i Hyllestad. Det var tre sauer på holmen. No er det berre to igjen.

Det var berre skinn og bein igjen av det eine dyret, og det var tydeleg at sauen var slakta.

Bonden har meldt det han meiner er tjuvslakting til politiet, og lensmannskontoret i Hyllestad vil etterforske saka.