Mesteparten vart stole i Sogndalsområdet. Den 35-årige mannen frå Sogndal som er rekna som ein kjenning av politiet, er sikta for 18 forhold av tjuveri og heleri.
Variert tjuvgods
Ifølgje påtalemakta skal han i løpet av ein toårsperiode frå 2002 til 2004 ha stole ein bil, ein motorsykkel, båtar, store mengder datautstyr, skinnsofaer, hekksakser og ein høgtrykksspylar.
Også heleri
Alt dette er stole i ei rekkje grove innbrot i Sogndals-området, blant anna på Felleskjøpet og Møbelringen. Han skal og ha stole ein bil på Nedre Eiker i Buskerud. I tillegg til tjuveri er han tiltalt for heleri av mellom anna ein bil og datautstyr. Påtalemakta meiner han har kjøpt eller teke mot tjuvgodset sjølv om han visste det var stole.
Til saman utgjer dette verdiar for ca 800.000 kroner.
Vedgår noko, men ikkje alt
Advokaten til den sikta, Louis Anda, seier tiltalte har vedgått straffskuld for nokre av forholda, men ikkje alle.