Forsvararen har hevda at Hashin berre kan dømmast for drap, sidan han ikkje kjende til at han kunne bli tiltalt for valdtekt då han gjekk med på å bli utlevert frå Nederland. Men han nådde ikkje fram då lagmannsretten tok stilling til det spørsmålet.
Hashin vart dømd til 16 års fengsel for valdtekt og drap på Hedda Karterudseter, som var student ved Sogndal folkehøgskule.
Han har vedgått å ha kvelt 19-åringen.