Hopp til innhold

Tidsnaud for enorm kraftutbygging i Jølstra

Den digre kraftutbygginga i elva Jølstra er i tidsnaud. Planen er å bygge kraftverk i tunnel frå Tongahølen nedanfor Vassenden, der tunnelen blir 5,5 kilometer lang.

Utbygging i Jølstra

JØLSTRA KRAFTVERK: Område på Moskog regulert til industri. Illustrasjonen viser området sett frå nord, med Holsabrua nede i høgre hjørne. Statnett sitt nye anlegg er under bygging i området til venstre

Foto: Jølster kommune

Men skal prosjektet vere lønsamt, må anlegget vere i gang innan seks år. Tidkrevjande byråkrati skapar no uro hjå Olav Osvoll i Sunnfjord Energi.

– Vi har veldig dårleg tid og er heilt avhengige av NVE og Olje-energidepartementet for å komme i mål til 2020, seier han.

Er heilt avhengig av grøne sertifikat

Olav Osvoll

HÅPER PÅ FORTGANG: Olav Osvoll i Sunnfjord Energi er uroa for den store utbygginga.

Det er ikkje småtteri Sunnfjord Energi planlegg i elva Jølstra på strekket mellom Tongahølen sør for Vassenden og til Reinene på Moskog. Krafttunnelen blir 5,5 kilometer og 200 gwh med straum skal produserast i året. Dette er ei av dei største kraftutbyggingane i fylket i nyare tid.

Men skal utbygginga vere lønsam, må dei rekke fristen for å bli med i den grøne sertifikatordninga. Då må turbinane vere starta alt i 2020.

– Slik den framtidige kraftmarknaden ser ut i dag, vil ikkje prosjektet la seg realisere utan grøne sertifikat.

Kraftutbyggingar over heile landet håpar å kome med i den grøne sertifikatordninga som subsidierer utbygging av vasskraft gjennom å sikre høg nok marknadspris.

– Står i vegen for vekst

Fredrik Behrens

Administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens, meiner store utbyggingar bør sleppe fram i byråkratiet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Men lang sakshandsamingstid i NVE og hjå Olje- og energidepartementet skapar trøbbel for at alt skal stå klart om seks år. Administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens, meiner store utbyggingar bør få sleppe fram i byråkratiet og heller la utbyggingar av småkraftverk stå på vent.

– Det er rasjonelt å byggje ut større einingar om vi ønskjer å nå dei fornybare måla vi har sett oss.

Mykje står no på spel for kraftselskapet i Sunnfjord som ynskjer å vekse.

– Det som står på spel er ei vidare utvikling av det vi har vore med ein vekst på 40 prosent, seier han.