Hopp til innhold

Tenåring må klare seg utan lappen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein tenåring i Eid mista vart seint onsdag kveld fråteken førarkortet etter farleg køyring.

Hendinga skjedde i 22-tida, og vil bli vidare etterforska ved Eid lensmannskontor.

Tidlegare på dagen, på ettermiddagen, vart ein ungdom i Sogndal meld for å ha køyrt moped med passasjer utan å ha førarkort. Det var UP som hadde farts- og åtferdskontrollen i Sogndal sentrum. I tillegg fekk ein førar forenkla førelegg for å ha snakka i handhalden mobil.

Utrykkingspolitiet var i natt også aktive i Stryn. På fylkesveg 619 ved Olden skreiv dei ut seks forenkla førelegg. Høgaste målte fart var 79 km/t i 60-sona. Ingen av dei 40 kontrollerte bilførarane fekk utslag på utandingsprøva.