Hopp til innhold

Teknisk feil ved to fly gir forseinkingar på Vestlandet

Widerøe har i dag problem med forseinkingar på Vestlandet. Årsaka er tekniske problem med to fly.

Widerøe-fly landet med en motor i Brønnøysund

TEKNISKE PROBLEM: Widerøe har problem med to fly, det fører til forseinkingar på Vestlandet.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

– I Sogn og Fjordane er det forseinkingar ved flyplassane i Sogndal og Florø, seier Silje Brandvoll som er informasjonssjef i Widerøe.

Sjølv om det er forseinkingar blir passasjerane oppmoda om å møte til rett tid, dersom dei ikkje har fått andre meldingar. Så langt er forseinkingane ei Sogn og Fjordane på opp mot ein time.

– Men det er usikkert kva det kan bli ut over kvelden, men vi gjer så godt vi kan for

Silje Brandvoll

HÅPAR Å VERE I RUTE I LØPET AV KVELDEN: Silje Brandvoll er informasjonssjef i Widerøe.

Foto: Widerøe

å få folk dit dei skal.

– Kva blir gjort no for å kompensere dei flya som er ute?

– Når vi får feil på fly, og også på reserveflyet, så slit vi. Vi prøver no å gjere litt om på programmet, og hente inn resursar frå andre stader, men det er klart at det er ikkje noko hemmelegheit at det byr på problem.

Widerøe har som mål å vere i rute igjen i løpet av kvelden.