Teatermelding av Marit Bendz
Lie er både forfattar, instruktør og reptilvert i «Skogsunderholdning», ei burlesk blanding av standup, kabaret, monolog og teater. Med seg har ho Carlos, ein umælande Ivar Furre Åm, som stort sett rører i heksegryta, han kokar blod, mat for reptilverten.
Det var ikkje berre trea som hang opp ned på Trudvang i Dale i går kveld. Alt vart snudd på hovudet.
– Dette er eit gruppemøte for folk som har gått seg bort i skogen, forklarer reptilverten frå fjerde dimensjon og som skiftar ham ved vibrasjon. Her er troll, zombiar, fabeldyr og aliens i ei salig røre.
– Kva er røyndom?
Lie lirer av seg fakta, munnhell, anekdotar og ville konspirasjonsteoriar i ei like salig røre.
Vitskap og kvasivitskap, historiske fakta og historisk fiksjon. Det er ei reise gjennom dei ulike visa vi konstruerer røynda på. For kva er eigentleg draum og kva er røyndom? Kvifor skulle draumar vere mindre verkelege enn det vi opplever når vi er vakne?
Nokon trur at det berre finst 500 ekte menneske i verda, resten er statistar.
Når 3 000 menneske har sett jomfru Maria openberre seg eller 1 000 har sett ein UFO lande og at grå, utomjordiske vesen kravla ut - kor mange må oppleve det same for at det skal vere verkeleg? Når ei løgn er fortalt mange nok gonger, vert det ei sanning. Eller?
– Du er programmert!
– Dette er vel ein merkeleg samtale for folk som ikkje er sprø? spør reptilverten publikum. Og det kan ho vel ha rett i. Ho opnar vindauget og gaular ut i den svarte Dale-natta:
– Du er programmert!
«Skogsunderholdning» vert aldri keisam. Ein sit att med mange rare tankar på vegen heim til Førde. Billyktene lyser opp skogen, og der inne held fantasiane (eller er det røyndomen?) fram.
Ikkje for amatørar
Men stykket er ikkje for amatørar. Ei godt vaksen dame frå Dale, over snittet kulturinteressert, sa etter framsyninga:
– Dette hadde eg ikkje forstått noko av hadde vi ikkje hatt Kunstnarsenteret på Dalsåsen, som har utvida horisonten min og gjort meg meir open for kva som er kunst.
Fekk du lyst til å sjå «Skogsunderholdning» likevel? Då må du reise til New York neste veke. Eller du kan reise til Dale og få med deg anna skogsunderhaldning i helga.
Teaterfestivalen i Fjaler: «Skogsunderholdning»
Skodespelar/dramatikar/instruktør: Lisa Lie
Skodespelar: Ivar Furre Åm