Tambardamene tok seriegullet

Laurdag vart damelaget til Tambarskjelvar seriemeister i 1. divisjon avdeling 1.

Omlag 200 tilskodarar følgde laget i kampen mot Stod på heimebane i Naustdalshallen.

- Det vart ein spennande og jamn kamp sjølv om vi vann 3-0, seier trenar Sturle Standal.

Settsifra vart 25-22, 25-24 og 25-23.

- Vi sleit

Trenaren fortel at dei kom godt i gang i første settet, men at Stod tok dei igjen.

- Denne kampen vart litt både-og. Vi sleit og var nok prega av at vi måtte vinne kampen for å vinne seriegullet, seier han.

Feirar med pizza

Men damene på laget er veldig glade over å ha vunne.

- Dei er svært nøgde og no feirar vi med pizza.

Neste helg skal Tambarskjelvar spele den siste rankingturneringa for i år. Då vart det avgjort kven som får rykkje opp i eliteserien.

- Eg trur vi ligg godt an, seier trenaren.