Hopp til innhold

Midtstopparen gjekk fram som spiss og sikra tre poeng for Stryn i lokaloppgjeret mot Eid

Eid hadde lenge tre poeng i lomma, men Stryn kom sterkt tilbake og sikra seg sigeren på Nordfjordeid fredag kveld.

Vegard Sæten Hopland

JUBLAR FOR TRE POENG: Vegard Sæten Hopland sette inn 2-1-målet. Eid-spelarane Henning Haugen, Ruben Kullsveen, Tom-Øyvind Solheim og Eivind Skrede fortvilar.

Foto: Stig Høynes

Eid-Stryn 1-2 (1-0). Og det var Vegard Sæten Hopland som avgjorde det heile eitt minutt på overtid. Han starta kampen som midtstoppar, men trenar Dagmund Evebø flytta han fram då det nærma seg slutten av kampen, og det gjorde utslaget.

– Det var deilig å få inn den ballen. Vi sleit heile kampen. Men vi kom sterkt på slutten, sa matchvinnaren i jubelen etter at sluttsignalet hadde gått.

Gedigen nedtur for Eid

For heimepublikummet vart sluttminuttane ein gedigen nedtur. For Eid hadde taket på det meste i meir enn 70 minutt av kampen. Anders Midthjell gav heimelaget 1-0 etter ti minutts spel då han vart spelt gjennom og netta sikkert.

Bortsett frå eit skot i tverrliggaren av Frode Hool Egge var det lite Stryn fekk til i første omgang, og heller ikkje i første halvdel av andre omgang såg det ut til at det skaderåka laget frå Stryn skulle greie å ta poeng.

Men etter 33 minutt av omgangen fekk stryningane corner. Ballen hamna midt framfor mål. Der fekk Mathias Garlid kontroll på kula med ryggen mot mål, han fekk snudd seg og sette ballen forbi Tom-Øyvind Solheim og i mål.

Dermed fekk laget frå bygda som vann E39-kampen blod på tann, og var nær 2-1 då Vegard Sæten Hopland sette eit frispark i tverrliggaren. Men det vart altså same mann som fekk æra av å sikre tre poeng på overtid, då han finta vekk midtstopparane til Eid og skåra frå 18 meter.

Stryn-jubel etter siger over Eid

STRYN-JUBEL: Strynespelarane kan juble for tre poeng og god tabellplassering.

Foto: Stig Høynes

– Veit ikkje kva som skjer

Dermed sikra Stryn den gode plasseringa si i toppen av 3. divisjonstabellen, medan spelande trenar Bjørn Totland på Eid fortvila etter poengtapet.

– Det er lenge sidan eg har vore så skuffa etter ein kamp. Eg veit ikkje kva som skjer med oss, det verkar som vi vart livredde utpå der. Spelarane fekk høge skuldrar. Hadde vi spelt som vi kan burde vi ha feia dette reduserte Stryn-laget av bana.

Bjørn Totland og Emil Allesøe

VELDIG SKUFFA: Spelande trenar Bjørn Totland på Eid har ikkje vore så skuffa på lenge. Til høgre Stryn-spelar Emil Allesøe.

Foto: Stig Høynes

Evebø med sjakktrekk

Det var mykje folk, flott vêr og god stemning på Eid Stadion, og Totland synest det er leit at heimepublikummet måtte gå skuffa heim.

– Vi gjorde nokre endringar på slutten som kanskje ikkje fall så heldig ut, men eg må få litt tid på meg før eg kan få analysert kampen. Det mest skuffande var at vi let Garlid få snu seg og sette inn 1-1.

Dagmund Evebø

- KAN SUGE PÅ KARAMELLEN: Stryn-trenar Dagmund Evebø trekte det lengste strået i lokaloppgjeret.

Foto: Stig Høynes

Var Totland skuffa, så var Stryn-trenar Dagmund Evebø naturleg nok det motsette.

– Med tanke på at vi har mange sentrale spelarar ute med skade så var dette sterkt. Det var tett og jamnt i første omgang, men vi var dårlege i starten av andre omgang, så vi måtte gjere noko for å få poeng.

Og ein av endringane Evebø gjorde viste seg å vere eit sjakktrekk. Å flytte Vegard Sæten Hopland frå midtstopparplass til der han eigentleg høyrer heime, som spiss, gjorde utslaget.

Og no har Stryn heng på topplaga, konstaterer Evebø.

– Vi får berre suge på denne karamellen så lenge vi kan.

Det var ei fin ramme rundt kampen med godt med folk på grasbakken som er hovudtribuna, det lukta kaffi og vafler. Ein liten kjerne med Stryn-tilhengarar gjorde mykje ut av seg, særleg mot slutten.

Men det var ei gemytteleg stemning. Og avgjerda om E39-bru i indre såg ikkje ut til å vere noko heimepublikummet tok med seg på fotballkamp.