Hopp til innhold

Straumbrot i Sunnfjord

Om lag 500 straumkundar, frå Vassenden i Jølster til Førde er utan straum. Sunnfjord Energi opplyser at dei er klar over problemet, men at dei enno ikkje veit kva som er årsaka. Dei har sendt ut folk for å finna problemet. Straumkundane frå Vassenden til Jølstraholmen har fått att straumen, medan resten kan måtte vente fleire timar før straumen er tilbake. Det er meldt om fleire feil på linja.