Hopp til innhold

Støy og rus - slik var natta for politiet

Politiet måtte i løpet av natta rydde opp i fleire tilfelle av krangel, uro og overstadig rusa personar.

Politi-illustrasjon

RUS OG URO: Travel natt for politiet i Sunnfjord, roleg i Sogn og Nordfjord.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Like etter midnatt måtte politiet i Førde ta seg av ein overstadig rusa person på ein utestad i byen. Vedkomande måtte overnatta i drukkenskapsarresten. Eit par timar seinare leid ein kranglevoren gjest på ein utestad same skjebne.

Politiet fekk fleire klagar på støy frå bilar som spelte musikk på festplassen i Førde. Festdeltakarane fekk pålegg om å dempe seg.

Ved tre-tida natt til i dag måtte politiet få hjelp av ambulanse, då ei overstadig rusa kvinne på ein utestad i Førde trong helsetilsyn.

På den trafikale sida kom politiet over to bilar i Førde som var kravd avskilta. Begge vart avskilta. Politiet stogga også ein bil som hadde prøvekjennemerker som var utgått på dato. Bilen vart parkert og føraren meld.

Medvitslaus i sentrum

Like før midnatt fekk politiet melding om ein rusa person som låg i ei grøft i Florø. Vedkomande kom til seg sjølv då politiet kom til staden. Vedkomande vart køyrd heim.

Ved eitt-tida i natt måtte politiet ta hand om ein overstadig rusa person på ein privatfest i Florø. Vedkomande fekk hjelp av ambulanse,

Ved halv tre-tida i natt fekk politiet i Florø melding om ein medvitslaus person i sentrum. Vedkomande kvikna til og fekk tilsyn av helse.

Litt seinare på natta måte politiet vise fekk ein mann i 20-åra etter uro og bråk ved ein utestad i Florø.

Ved halv fire-tida vekk politiet melding om høglydt krangel og mogleg slagsmål i Florø sentrum. Då politiet kom til staden hadde det roa seg, men saka ver følgt opp i ettertid.

Ramponerte bil

I Stryn vart ein rusa person meld etter å ha stått på taket av ein bil, og ramponert den.

Litt seinare på natta måtte politiet ordne opp i uro på ein utestad der det var samla mykje folk. Ein person trong hjelp av helse.

I Lærdal ved politiet spørsmål om hjelpe til med å få ein rusa person i hus, men saka løyste seg før politiet kom til staden.