Hopp til innhold

Stort inkassokrav

Måløyraidsenteret har fått eit inkassokrav på 702 000 kroner mot seg. Det kjem fram i stiftingstilsynet sin rapport. Kravet er frå selskapet Audioguide AS på Hamar, som tilbyr hovudtelefonløysingar til omvisning på museum og liknande. Kravet vart i fylgje søkjetenesta forvalt.no levert inn i april. Måløyraidsenteret har også eit anna inkassokrav over seg på 8500 kroner frå SG Finans AS.

Måløyraidsenteret
Foto: BJARNE ELDEVIK DEKNEPOLLEN