Hopp til innhold

«Vi treng mange kloke hovud og flinke hender i åra framover»

– El-næringa står framfor eit generasjonsskifte og store utbyggingar. Difor er det viktig sikre rekrutteringa til nye ingeniørar, seier nettsjef Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Energi.

Helge Robert Midtbø

TRENG FLEIRE FOLK: Nettsjef Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Energi det er viktig å sikre elkraftstudiet fordi fylket treng oppimot 120 nye ingeniørar dei neste 10–15 åra.

Foto: Claude Prigent, Photopqr/Le telegramme/Sunnfjord Energi

Det var for tre år sidan at nettselskapa til Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi tok initiativ til eit nytt studium innan elkraft ved ingeniørutdanninga i fylket. I år starta det andre kullet utdanninga si.

Men det har mangla pengar til å sikre studiet som elbransjen ser på som svært viktig. Difor gir Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane 1,5 millionar kroner til det nye elkraftstudiet. Dermed er sluttfinansieringa av det nye elkraftstudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane no på plass.

Nettsjef Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Energi meiner det er viktig å sikre studiet fordi fylket treng oppimot 120 nye ingeniørar dei neste 10–15 åra.

– Vi har ganske mange som går av med pensjon i åra framover. Det er viktig å erstatta desse. Men vi treng også fleire fordi det skal byggjast ut mykje fornybar energi i åra framover, seier han.

Midtbø seier Sogn og Fjordane er eit stort fylke innan energi og at det blir mange utbyggingar når det gjeld vatn og vind.

– Vi treng mange kloke hovud og flinke hender for å få dette til. Elkraftstudiet er ei viktig brikke i det spelet som gjer at vi kan ta del i den verdiskapinga som vi får innan fornybar energi i Sogn og Fjordane.