Hopp til innhold

Stor fare for skred langs vegane

Store mengder nedbør dei komande dagane aukar faren for jord- og lausmasseskred langs vegane.

Jordras på fylkesveg 613 - Stryn - Blakset

JORDRAS: Denne veka aukar faren for jord- og lausmasseskred langs vegane. Biletet er frå fylkesveg 613 mellom Stryn og Blakset der det kom ned eit jordras i sommar.

Foto: Vegar Erstad / NRK

At det blir ei våt veke kan statsmeteorolog Karsten Eitrem konstatere med eit raskt blikk på prognosane. Lokalt kan det kome så mykje regn at faren og skred aukar kraftig.

– Lokalt kan det kome opp mot 100 millimeter med nedbør i løpet av 24 timar. Slik det ser ut vil det kunne kome så mykje nedbør i fleire dagar samanhengande, seier Eitrem.

«Fin» måndag, men så..

Ikkje før ekstremvêret «Berit» har herja langs kysten av Sogn og Fjordane kjem det ein ny front med styggevêr inn over oss.

Dagen i dag er kanskje den beste dagen denne veka, med enkelte regn og haglbyer og snø over 300–500 meter tidleg på dagen. I føremiddag kan det også vere fare for tore.

Dramatiske mengder nedbør

Til kvelden kjem derimot regnet for fullt igjen, og når det først byrjar å regne blir det regn i store mengder.

– Den nye fronten som kjem inn har med seg alvorlege mengder med nedbør. Det ser ut til at det tysdag, onsdag og torsdag kan bli opp mot 100 millimeter kvar dag, seier Eitrem.

Etter ein lengre periode med mykje regn er jorda allereie metta. Når det no kjem endå meir nedbør aukar faren for skred monaleg, åtvarar meteorologen.

– Når jorda er så metta så kjem det ofte jord- og lausmasseskred, så folk må vere obs på dette når dei ferdast langs vegane, seier Eitrem og legg til:

– I tillegg blir det ein del overflatevatn på vegane, så det kan nok bli ei tøff veke i trafikken, seier meteorologen.