Hopp til innhold

Stengt på grunn av bilberging

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er stengt på grunn av bilberging. Ifølgje Vegtrafikksentralen er det eit utanlandsk vogntog som sperrar vegen rett ovanfor bommen ved Bjøberg. Bilbergar er på veg frå Gol, men det kan gå noko tid før vegen kan opne att.

Vogntog i kø ved Bjøberg på Hemsedalsfjellet
Foto: Statens vegvesen