Hopp til innhold

Tenden kan hamne i Stryn

Førde-spelar Steinar Tenden (32) har vore i kontakt med Stryn Fotball om spel i 3. divisjon neste sesong.

Steinar Tenden

PÅ VEG HEIM? Steinar Tenden stadfestar at det kan bli spel for Stryn neste sesong.

Foto: Rune Fossum / NRK

Steinar Tenden kan vere på veg tilbake til klubben han scora 88 mål for på 81 kampar frå 2000 til 2002.

Det stadfestar spelaren sjølv.

– Det kan hende at eg tar ein sesong i Stryn. Men eg ønskjer ikkje å seie så mykje om dette no. Om ikkje kan det bli aktuelt å legge opp, seier Tenden.

Vil gjerne ha Tenden på laget

Trenar i Stryn, Dagmund Evebø, har hatt fleire samtalar med Tenden om framtidig spel i 3. divisjon den siste tida.

– Vi har hatt kontakt med han fordi han har søkt på jobbar i Stryn. Tenden har signalisert at han etter kvart tenker å flytte heim att. Om han skulle flytte tilbake, vil ein overgang vere aktuelt for oss, seier Evebø.

Er i dialog også med Førde

Evebø meiner Tenden kan videreføre erfaring frå høgare nivå til Stryn sine unge spelarar ved ein eventuell overgang.

– Han veit kva som skal jobbast med for å bli god, seier Evebø.

Tenden har bak seg ei karriere med opphald i klubbar som Brann og Sogndal.

Han skal og vere i dialog med Førde om ein ny sesong i 2. divisjon.