Hopp til innhold

Steinar stengjer riksveg 5

Riksveg 5 mellom Førde og Florø er stengd ved Sundafjelltunnelen, like aust for Florø. Statens vegvesen opplyser at det skal ligge to steinar på størrelse med fotballar i vegbana. Folk frå etaten skal vere på plass kring 0945. Det er ingen lokal omkøyring.