NRK Meny
Normal

Med underskrifter skal dei få preikestolen tilbake

Dei skal slåst for å få tilbake preikestolen i Tønjum kyrkje. Våpenet er underskrifter.

Startar underskriftskampanje

MEINER ALVOR: Hans A. Tønjum og Hans Hagheim er fornøgde med dagens innsats for å få samla inn underskrifter for å få tilbake preikestolen.

Foto: Jan Christian Jerving

– Folk vil sjå at vi meiner noko med det vi sa, seier Hans Hagheim som var kyrkjetenar i Tønjum kyrkje i 40 år.

Det var søndag 15. mars at kyrkjelyden i Tønjum kom til gudsteneste og oppdaga at preikestolen var fjerna. Hagheim tende på alle pluggar og bestemte seg der og då for å gjere det han kan for å få på plass att preikestolen. No har han og tre andre starta underskriftskampanje.

– Eg har vore rundt nokre fått timar i ettermiddag og fått rundt 20 underskrifter. Folk har vore veldig positive, fortel 72-åringen.

Har protestert mot vedtaket

Etter at han oppdaga at preikestolen var vekke, har han oppsøkt Lærdal kyrkjekontor for å klage. Forklaringa frå soknepresten på at preikestolen er fjerna, er at det var behov for meir benkeplass.

Vedtaket om å ta vekk preikestolen er velsigna av eit samrøystes kyrkjestyre, Biskopen og Riksantikvaren.

Men det stoppar ikkje dei som står bak underskriftskampanjen. Dei trur dei vil få mange underskrifter og håpar det vil medføre at dei får tilbake preikestolen.

– Håpar det. Det er i alle fall demokratiet som rår når vi set i gang dette.

– Stå på, seier folk

Han seier underskriftskampanjen vil gå føre seg fram mot soknerådsmøte som er varsla 8. april.

– Vi skal vere ferdige i god tid før den tid. Men vi skal ikkje fortelje dei som står mot oss kven eller kor mange som står på lista.

Listene til å skrive seg på underskriftskampanjen for å få tilbake preikestolen vert liggande på fleire butikkar i Lærdal.

– Folk heiar på oss og er voldsomt engasjerte, og veldig positive. «Stao pao», seier dei. Så vi tar imot besøk og vi skal vere rundt i heile soknet, så folk skal få skrive seg på listene. Vi er til og med på Lærdal grønt, seier Hans Hagheim.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen