Hopp til innhold

Du må lengte lenge etter slikt vêr til jul

Spådommane om ein regnvåt jul blir stadig sikrare. I staden blir det øs pøs i massevis, også søndag så mykje at meteorologane har sendt ut OBS-varsel.

Veitastrond

SLIK VIL MANGE HA DET: Snø, opphaldsvêr og gjerne eit gløtt av sol på dagen. Slik vil mange av oss ha det når vi skal feire jul. Men i år må folk i Sogn og Fjordane klare seg med ei regnvåt julaftan.

Foto: John Molland

– Også i dag er det venta store nedbørsmengder på Vestlandet. Det blir ein dag som i går, og dette skuldast mange lågtrygg i havet som skal passere, seier statsmeteorolog Martin Granerød ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Laurdag sende Meteorologisk institutt ut eit OBS-varsel på Vestlandet på grunn av store nedbørsmengder. Søndag sende dei ut eit nytt.

Vestlandet sør for Stad: Søndag og natt til mandag ventes det fortsatt store nedbørmengder på Vestlandet sør for Stad.

Meir regn i vente

Og Martin Granerød ved Vêrvarslinga har ikkje godt nytt på laget til dei som framleis har håp om litt snø til jul. Også utover i neste veke blir det regn, regn og meir regn.

– Det er regn i vente både måndag, tysdag, onsdag og torsdag, fortel meteorologen.

Han seier temperaturane vil bevege seg nedover mot null i indre strok og i fjellet ti løpet av veka.

Varsel frå NVE

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har også sendt ut varsel om flaum på 2, gult nivå. NVE opererer med ein skala frå 1 til 4, der nivå 1 blir rekna som generelt trygge forhold.

På nivå 2, som det er sendt ut varsel om i Sogn og Fjordane søndag og måndag, bør kommunane vere merksame på vêrforholda og sikre at dreneringsvegar er frie.

Alt regnet kan gi også auka fare for jordskred. I tillegg kan det bety auka fare for snøskred om det seinare i veka kjem ny snø oppå dette regntunge laget, fortel Granerød.

Kanskje opphaldsvêr i vente

Men finst det ikkje eit einaste lyspunkt, spør du deg gjerne. Jo, kanskje, er svaret frå meteorologen.

– Det har lenge sett ut til å bli ei våt veke, så det har vore ganske sikkert. Men dei siste prognosane antydar at det i slutten av neste kan helg gå mot betre tider. Så vi kan jo håpe at nyttår blir tørrare enn julaftan.

På Yr.no finn du alltid eit oppdatert vêrvarsel for der du er.