Hopp til innhold

Splitta om landbruksoppgjeret

Bondelagsleiaren får ein tøff jobb med å overtale bønder i fylket til å akseptere landbruksoppgjeret.

Kyr.
Foto: Arne Eithun / NRK

Årets landbruksoppgjer splittar bøndene i Sogn og Fjordane.

Fredag skal leiar Bjarne Undheim i Norges bondelag prøve å overtale skeptiske gardbrukar i Sogn og Fjordane til å seia ja i uravstemminga neste onsdag.

Les også: Bøndene får 1,9 milliardar

Har mista trua

- Eg har byrja å miste trua, det har eg. Etter to år vil eg sjå korleis ting går. Viss det ikkje kjem meir pengar enn no, då kjem eg til å leggje ned.

Marianne Kvalvik Kvamme

Marianne Kvalvik Kvamme

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det kan bli ein av dei siste vårane Marianne Kvalvik Kvamme lokkar på sauene sine. For fem år sidan kjøpte den unge optimistiske gardbrukaren den brattlendte høgdegarden i Eikefjord, men har gått i minus kvar år etter det. Den historiske landbruksavtalen som gir norske bønder 1,9 milliardar kroner har ikkje gitt vestlandsbonden ny framtidstru.

Røyster nei

Det har gått ei veke sidan bondeorganisasjonane og staten blei samde om ein landbruksavtale. Bøndene kravde 3,3 milliardar kroner, men fekk litt over halvparten. No er spenninga stor om eit fleirtal av medlemmene i Norges Bondelag og Norges Bonde- og småbrukarlag seier ja eller nei til avtalen i uravstemming komande onsdag. I dag kjem leiar Bjarne Undheim i Norges bondelag til Sogn og Fjordane for å overtala skeptiske bønder til å seia ja. Men den 28 år gamle leiaren i Eikefjord bondelag trur ikkje at ho kjem til å følgja formaningane til Undheim.

- Det går mot eit nei, eg synst dette var for dårleg, seier ho.

Ikkje åleine

Marianne Kvalvik Kvamme er ikkje den einaste som meiner bøndene på Vestlandet blir taparane i årets landbruksoppgjer.

Jan Arve Midtbø

Jan Arve Midtbø

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Bondelagsleiaren i Norddalsfjord, Jan Arve Midtbø, ber alle bøndene i Sogn og Fjordane seia nei til landbruksavtalen - i protest.

Ei ringjerunde til dei 52 lokallagsleiarane i Sogn og Fjordane viser at landbruksoppgjeret splittar bøndene.