NRK Meny
Normal

Sør-Vågsøy kyrkje opnar igjen

Det er framleis tydelege spor etter kyrkjebrannen for to månader sidan, men på søndag er det igjen barnedåp i Sør-Vågsøy kyrkje.

Brann ved Sør-Vågsøy kyrkje

PÅTENT: I byrjinga av juni prøvde nokon å setje fyr på Sør-Vågsøy kyrkje.

Foto: Michael Heltne

I starten av juli prøvde nokon å setje fyr på Sør-Vågsøy kyrkje .

Sør-Vågsøy kyrkje har vore stengt sidan brannen, men no seier kyrkjeverje i Vågsøy, Anne Gry Fløien, at kyrkja blir opna på søndag.

Barnedåp på søndag

– Kyrkja er ikkje heilt klar enno. Dørene er ikkje ferdig reparert, men vi kan halde gudsteneste, barnedåp og bryllaup i kyrkja, seier ho.

– Korleis blir det å kunne ta kyrkja i bruk igjen?

– Det blir veldig fint. Eg har nettopp snakka med to personar som skal ha barnedåp. Dei var veldig glade for å kunne ta i bruk kyrkja igjen, seier Fløien.

Sterk røykelukt i kyrkja

Brannen starta i hovuddøra på den 108 gamle trekyrkja. I tillegg til store skader på kyrkjedøra, har det vore sterk røyklykt i kyrkjebygget.

– Vi kjenner framleis litt røyklukt, men det har vore folk og vaska og reinsa kyrkja. Folk vil nok likevel sjå og lukte at der har vore ein brann, seier Fløien.

– Uforståeleg

Politiet har brukt store ressursar på å finne ut kva som har skjedd og kven som står bak brannen.

– For meg er det forferdeleg og ubegripeleg at nokon kan tenne på ei kyrkje. Når menneske gjer noko slikt, kan eg ikkje tenke meg at det er friske menneske, seier Fløien.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser