Hopp til innhold

No er denne gjengen på tur i fylket for å sjekke arbeidsplassane til ungdomane

LO sin sommarpatrulje er no på vegen for å passa på at ungdom og andre unge arbeidstakarar får det dei har krav på frå arbeidsgivaren sin. – Reiselivs- og restaurantbransjen er dei verste, er meldinga frå patruljen.

LO sin sommarpatrulje i Sogn og Fjordane

PASSAR PÅ UNGE SINE JOBBRETTAR: LO sin sommarpatrulje i Sogn og Fjordane. Frå venstre: Ingeborg Førde, Azam Samsudeen, Michelle Walmann, Thor Mehammer og Ann Kristin Solheim.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sommarpatruljen si oppgåve er å besøka ungdom i sommarjobb, for å sjå om lover og avtalar blir følgde på arbeidsstaden.

Michelle Walmann i LO sin sommarpatrulje

HÅPAR PÅ FÅ AVVIK: Michelle Walmann, fagleg ungdomssekretær i LO og medlem i sommarpatruljen i Sogn og Fjordane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dei neste tre vekene skal dei vera på vegen rundt om kring til arbeidsplassar i Sogn og Fjordane.

– Me spør om dei har arbeidskontrakt, at dei får overtidsbetalt og at dei ikkje jobbar for mykje overtid. Dei som er under 18 har jo ikkje lov å jobbe overtid i det heile. Me sjekkar at dei får lønsslipp og me ser etter teikn til svart arbeid, då er jo manglande lønsslipp eit teikn på det, seier Michelle Walmann, fagleg ungdomssekretær i LO i Sogn og Fjordane.

Manglar ofte arbeidskontraktar

I fjor fann dei rekordhøge 19 prosent avvik i Sogn og Fjordane. Torsdag hadde sommarpatruljen i fylket sin første dag på vegen, og i fylkets største kommune, Førde, fann dei fleire avvik.

– Me funne litt typiske feil som manglande eller mangelfulle arbeidskontraktar, noko me finn mykje av kvart år. Ofte er det fordi me kjem tidleg i arbeidsforholdet og kontraktane kjem kanskje undervegs. Me oppfordrar om at dei skal koma so tidleg som mogleg når ein skal ha eit kort arbeidsforhold, seier ho.

Michelle Walmann og Ingeborg Førde i LO sin sommarpatrulje

INTERVJUAR UNGE ARBEIDSTAKARAR: Michelle Walmann (t.v.) og Ingeborg Førde reiser rundt for å sjekka at unge arbeidstakarar får det dei har krav på i arbeidslivet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I fjor vart 221 verksemder undersøkte i Sogn og Fjordane. Av dei 19 prosentane med brot som vart avdekt, var nesten halvparten manglande eller mangelfull arbeidskontrakt.

– Me har også funne ein del tilfelle der det manglar vaktplanar, for alle skal vite kva vakter dei skal jobbe to veker framover. Og so me har mistanke om ein manglande lønsslipp, og ein manglande lønsslipp kan vera eit teikn på svart arbeid.

Reiselivsnæringa er syndaren

Dei som jobbar i sesongbaserte næringar er dei som syndar mest, er oppfatninga til LO-patruljen.

– Det som går att er, og det er synd å seie det, men dårlege arbeidsvilkår for dei som jobbar i reiselivsnæringa, restaurantar, suvenirbutikkar og anna typisk sesongarbeid. Der er det mykje uforutsigbarheit, slurv og litt kaos. Det verkar litt som om turistane kjem som julekvelden på kjerringa kvart år, seier Walmann.

Ho håpar at 2013 blir betre enn fjoråret, men forventar ein del slurv frå arbeidsgivarane rundt om kring i fylket.

– Eg forventar manglande arbeidskontraktar, det er jo det vanlege. Men eg håpar at me finn mindre feil enn i fjor. Eg forventar at arbeidsgivarane veit kva plikter dei har når dei tilset unge arbeidstakarar som kanskje får det første inntrykket av arbeidslivet i den jobben, og at dei behandlar dei godt. Me forventar også mykje positivt, og so er det alltid ein del småting me rettar opp i der og då når med er ute med patruljen.

Er avvika alvorlege vert arbeidstilsynet kopla inn, som til dømes dersom ei bedrift gir sine tilsette munnkorg til sommarpatruljen, eller nektar å sleppe dei inn. Dette er faktiske tilfelle patruljen har vore borti opp gjennom åra.

LO sin sommarpatrulje i Sogn og Fjordane

LO SIN SOMMARPATRULJE I SOGN OG FJORDANE: Frå venstre: Ingeborg Førde, Azam Samsudeen, Ann Kristin Solheim, Thor Mehammer, Ingrid Heggø og Michelle Walmann.

Foto: Sondre Dalaker / NRK