NRK Meny
Normal

Sommaren i september held fram

Sett bort frå at sola tek kvelden litt tidleg har det vore meir sommar enn haust dei siste dagane. Og slik skal det halde fram nokre dagar til.

Iallfall fram til fredag, skal vi tru yr.no . Både onsdag og torsdag kan vi nyte sola med sommarlege temperaturar . Men fredag blir det overskya opphaldsvêr, og laurdag kjem regnet i delar av fylket, framleis ifylgje yr.no .

Statsmeteorolog Anne Mette Olsen seier at det einskilde stader kan vere litt tynn morgonskodde, elles er det fint ver over heile Sogn og Fjordane.

– Temperaturane i dag blir om lag som i går, det vil seie rundt 20 grader på dei varmaste stadene. Og fram til og med torsdag er det berre desse tynne tåkeskyene tidleg om morgon som hindrar sola. Men frå fredag blir det meir skya, og laurdag kan det hende det kjem inn nedbør. Og i neste veke er det sannsynleg at det blir aukande nedbør.

Dei av oss som har vore til fjells dei siste dagane har registrert at det er nesten like varmt der oppe som nede i låglandet. Dei komande dagane vil det gradvis bli litt kjølegare, men framleis blir det tosifra gradetal på dagtid også oppe i 1000 meters høgde.

NRK har fått inn fleire foto som viser godvêret, men vi tek gjerne imot fleire. Så send inn - til sffoto@nrk.no.

Laster innhold, vennligst vent..
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.